Ordføraren trekker seg som styreleiar i Samarbeidsrådet for Sunnhordland

Kvinnherad Arbeidarparti er overraska og svært skuffa over nyhende om at ordførar i Kvinnherad, Peder Sjo Slettebø, har vald å trekke seg frå vervet som styreleiar i Samarbeidsrådet for Sunnhordland.

original

Samarbeidsrådet for Sunnhordland vart starta i 1981 og dei åtte Sunnhordlandskommunane veksler på å ha styreleiarvervet. Forrige gong Kvinnherad kommune hadde styreleiarvervet var frå 2000-2002 medan Aksel Kloster var ordførar i Kvinnherad. Synnøve Solbakken var nestleiar i to år når ho var inne i sin andre ordførarperiode.

Med leiarrolla har ein stor innflytelse og set dagsorden for saker som er viktige for regionen. Ein har moglegheit til tett kontakt med stortingsrepresentantane i alle parti frå vår region og fylkesadministrasjonen.

Vi hadde sett fram til at ordføraren skulle ta plass i førarsetet og bruke dette høvet til å sette agendaen og markere Kvinnherad som ein aktiv og aktuell kommune i Sunnhordland.

Leiarrolla i Samarbeidsrådet er viktig uansett kva parti ordføraren kjem frå. Samarbeid på tvers av kommunar er eit løft i fellesskap som krev innsats frå alle medlemskommunane.

Samarbeidsrådet skal i tida framover jobbe med blant anna:

  • E 39, ferjefri kyststamveg og påkobling for Kvinnherad.
  • E134 og KVU for arm til Bergen (Sunnhordlandsdiagonalen).
  • Fornying av ferjeflåten og auka frekvens på ferjeavgangar.
  • Snøggbåttilbodet i Sunnhordlandsbassenget.
  • Næringsutvikling, entreprenørskap og nyetablering.

Saker ordføraren har signalisert som viktige for vår kommune.

Kvinnherad Arbeidarparti stiller seg og undrande til at ordføraren trekkjer seg frå vervet utan å samrå seg med formannskapet som var samla til møte ei veke før avgjerdsle vart formelt teken. Ordføraren innehar vervet i kraft av å vere ordførar i Kvinnherad, ikkje som enkeltperson.

Kvinnherad Arbeidarparti er uroa for at ordføraren med dette gjev signal om at noverande fleirtalskoalisjonen Høgre-Senterpartiet ikkje prioriterer samarbeidet i Sunnhordland. Det er no arbeidet pågår og Kvinnherad, med ordførar Peder Sjo Slettebø si tilbakelente haldning, let andre gripe moglegheiten til å vere i fremste rekkje for å påvirke viktige saker for framtida til eigen kommune.

Hilde Enstad

Leiar Kvinnherad Arbeidarparti