Maktarroganse og sensur

Kvinnherad Arbeidarparti stiller seg uforståande til ordføraren si avgjerdsle om å ikkje la lokalpressa få innsyn i "konsekvensbreva" frå einingsleiarane i Kvinnherad kommune. Som Kvinnheringen skriv 27.01.17. har dette vore ein årelang tradisjon.

Ordføraren si grunngjeving er at han er redd det vil skape unødig frykt og uro i kommunen, ikkje at offentleglova krev det. Når ordføraren vel å halde tilbake informasjon vert det oppfatta som sensur og at ein har noko å skjule. 

 I valkampen lova Høgre, med Peder Sjo Slettebø i front, at om dei kom til makta ville innbyggjarane få meir innsyn, meir openheit, opne prosessar, sterkare politisk styring og eit betre samarbeidsklima. Er det dette ordføraren og posisjonen meiner med meir openheit?  Lovnaden om  "Sterkare politisk styring" er i realiteten blitt å la rådmannen gjere jobben og ta kritikken medan ordføraren lener seg tilbake og toer sine hender. 

Kvinnherad Arbeidarparti vil hevde at det skaper like mykje, om ikkje meir, uro at innbyggjarane i Kvinnherad ikkje får innsyn i kva konsekvensar budsjettet fører med seg. Kommunestyret er innbyggjarane sine øvste tillitsvalde, dei skal ha tilgong til og tilsendt all relevant informasjon straks han er tilgjengeleg.

Kvinnherad Arbeidarparti krev at "konsekvensbreva" vert sende til alle kommunestyrerepresentantane umiddelbart og at pressa får tilgang til informasjon av offentleg interesse.

Saklistene til dei politiske møta vert stadig supplert med nye saker fleire gonger etter formell innkalling og sakliste er sendt ut. Nokre gonger kjem sakene berre timar før møta skal ta til, medan fleirtalet av kommunestyremedlemmene framleis er på jobb. Det gjer ikkje rom for gode demokratiske prosessar og gjennomtenkte politiske vedtak. 

Handlekraft er bytta ut med impulsløysingar og forhandlingar på bakrommet der fakta og konsekvensutgreiing vert ignorert. Dill-saka er eit tydeleg resultat av denne arbeidsmetoden. Aksen-vedtaket var i realiteten avgjort før formannskapsmøtet i mai 2016 til tross for at saka vart sendt til formannskapsmedlemmene berre tre timar før møtestart. 

Kjøp av leiligheter til førstegongsetablerarar i Husnes (Husnes Hotel/postbygget) har ikkje vore til politisk handsaming, dette er ordføraren heilt åleine om å gjennomføre, ingen politiske vedtak ligg til grunn for val av løysing. Kollektivknutepunkt i Rosendal auker med fleire millionar i kostnad utan tydeleg informasjon til politikarane. 

Kvinnherad Arbeidarparti krev at for framtida må all relevant informasjon komme ut til alle medlemmer i kommunestyret samtidig og straks han er tilgjengeleg. Det må ligge klare politiske vedtak bak avgjerdsle som har konsekvensar for kommunen si lånegjeld og drift. 

 Kvinnherad Arbeidarparti, v/kommunestyregruppa